Granskar pleiar som teipa munnen til uroleg pasient

Pleiaren seier det var ein spøk, etter å ha teipa munnen til ein psykisk utviklingshemma pasient. Interesseorganisasjon slår alarm om vald og overgrep mot dei svakaste.

Fylkeshuset i Møre og Romsdal

Fylkeslegen i Møre og Romsdal granskar ein ufaglært pleiar, som vedgår at ho festa tape på munnen til ein pasient.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var dei andre pleiarane som varsla, då dei oppdaga at ein kollega teipa munnen til ein uroleg pasient. Alle deltok på eit felles, sosialt arrangement på ein institusjon i Møre og Romsdal.

Pleiaren skal først ha trua med å bruke taperullen på ein av pasientane. Det skjedde fordi han var høgrøysta. Då han ikkje etterkom pålegget om å vere roleg, gjekk pleiaren til vaktrommet, henta ein taperull og festa limbandet på munnen hans.

Lilly Ann Elvestad

Generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon seier fleire burde melde frå dersom dei mistenkjer overgrep mot pasientar som ikkje klarer seie frå sjølv.

Foto: Alf Ivar Martinsen / NRK

– Det er ei tragisk historie. Slikt skal ikkje skje, seier generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

Ser alvorleg på saka

Fylkeslegen i Møre og Romsdal granskar no både pleiaren og kommunen. Førebels er det ikkje trekt nokon konklusjon. Pleiaren risikerer å få ei formell åtvaring, som kan gjere det vanskelegare å få liknande arbeid i framtida.

– Dei i meldingane vi har fått til no tilseier at dette er veldig alvorleg. Her dreiar det seg om ein brukar som har eit særdeles behov for omsorg. Vi innhentar no informasjon frå helsepersonellet før vi vurderer heile saka, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen innhentar no informasjon frå mellom anna pleiaren før ho konkluderer. Pleiaren risikerer ei åtvaring, som kan gjere det vanskelegare å få liknande arbeid i framtida.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seier det var ein spøk

Pleiaren, som er ufaglært, seier til NRK at ho alltid har hatt ein god tone med pasienten, og at heile opptrinnet var ein spøk.

Avviksmeldinga frå dei tilsette viser også til at pleiaren var i godt humør, men at «brukaren kava seg opp når dette skjedde og vart særs raud i andletet, før den tilsette tok tapen av munnen til brukaren».

Pleiaren arbeider ikkje lenger ved institusjonen, og kommunen vurderer no å melde saka til politiet.

Kommunen, som sjølv er under lupa, har ifølgje kommunalsjefen tatt grep for å unngå at noko slikt skal skje igjen.

Taperull

Det var ein heilt vanleg rull med tape som blei brukt mot pasienten i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi ser på opplæringsrutinane vi har, og har fokus på å ha yrkesetikken jamt som eit tema. Det er viktig å ha rom for refleksjon i kvardagen. Vi er bevisste på at dei som blir sette er personleg eigna for omsorgsoppgåver, seier ho.

Fryktar store mørketal

Nesten 300 000 nordmenn får ulike omsorgstenester frå det offentlege, mange av dei bur på institusjon. Generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon er overtydd om at det er store mørketal når det gjeld vald og overgrep.

– Utviklingshemma er sårbare, dei er dessverre ofte utsette både for vald og overgrep. Det tragiske er at dei ikkje har nokon sjanse til å forsvare seg. Dei har også veldig vanskeleg for å melde frå, seier ho.

Oppfordrar fleire til å varsle

12 kommunar og bydelar testar no ut eit system som skal gjere det enklare å melde frå om overgrep mot menneske som har vanskeleg for å beskytte seg sjølve.

Etter eitt år har det kome inn 189 meldingar, og talet på saker har auka seks gonger i prøvekommunane.

– Det viser kor store mørketal vi kan ha i andre kommunar i Noreg. Vi må anta at omfanget er stort, seier Kjetil Ostling, divisjonsdirektør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Resultata viser også at kvinner er mest sårbare, og at dei fleste blir utsette for psykisk vald. Lilly Ann Elvestad er tydeleg på at det er viktig å melde frå om slike hendingar.

– Ein må melde frå til kommunen og fylkeslege, og i verste fall til politiet dersom kommunen ikkje gjer det sjølv, seier Elvestad.