Granskar påståtte overgrep i Sula

  • Fleire takka for unnskyldning

    Fleire har takka Sula-ordføraren for den offentlege unnskyldninga etter at fleire gutar ved skulen i Langevåg skal ha blitt seksuelt misbrukte av ein tidlegare skulestyrar gjennom fleire tiår. – Det er mellom anna personar som ønskjer å gi uttrykk for at det har vore godt for dei å bli trudd og at dei har fått ei slags oppreising seier ordførar Jim-Arve Røssevoll til Sunnmørsposten (krev innlogging).

    Ordførar Jim Arve Røssvoll ved Breidablikk i Sula
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Granskar påståtte overgrep i Sula

    Leiinga i Sula kommune har sett i gang undersøkingar etter fleire meldingar om at ein skulestyrar skal stå bak grov vald og seksuelle overgrep over ein lengre tidsperiode. Hendingane skal ha skjedd for fleire tiår sidan, og styraren er no død. Kommunen vil likevel opprette ein kontaktteneste, slik at dei kan få ei oversikt over omfanget av saka. Ordførar Jim-Arve Røssevoll seier til Sulaposten at dette er ei sak det skal bli ei avklaring på.