NRK Meny
Normal

Granskar fysioterapeutar som ikkje fører journal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner fysioterapeutar som unnlét å føre journal er eit problem. No intensiverer dei arbeidet for at fysioterapeutane skal bli betre.

Cato Innerdal

Cato Innerdal, assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, seier det kan bli aktuelt å ta stikkprøver hos fysioterapeutar for å sjekke journalføringa.

Foto: Markus Plementas / NRK

Ein fysioterapeut frå Sunnmøre har nyleg fått åtvaring frå Helsetilsynet på grunn av manglande journalføring. Fylkesmannen har også sendt to andre saker over til Helsetilsynet. Assisterande fylkeslege, Cato Innerdal, seier at det går utover pasientane dersom fysioterapeuten ikkje dokumenterer kva som vert gjort i behandlinga. Fylkesmannen vurderer no å ta stikkprøver hos fysioterapeutane.

– I sakene vi har sett på er det svært mangelfull journalføring. Ofte har ikkje fysioterapeuten skrive noko i det heile tatt og det utgjer ein risiko for pasienttryggleiken, seier Innerdal.

LES OGSÅ:

Umogleg å dokumentere plager

Den siste tida har Fylkesmannen blitt kontakta både av fysioterapeutar, legar og Helfo om mangelfull journalføring. Innerdal seier at dersom fysioterapeuten unnlét å skrive journal vil det påverke samarbeidet med anna helsepersonell. Det er vanskeleg for andre å sette seg inn i og forstå kva fysioterapeuten har gjort.

– I ettertid vert det også umogleg for pasienten å dokumentere kva plager han har hatt. Det kan også få økonomiske konsekvensar for pasienten, seier Innerdal.

Tidspress er ei av årsakene fysioterapeutane har gitt som forklaring på at dei ikkje fører journal. Innerdal seier at det er eit krav at alle skal føre journal og at dette må helsepersonell sette av tid til.

Bryt lova

Forbundsleiar Fred Hatlebrekke i Norsk Fysioterapeutforbund seier det er bra at Fylkesmannen ser på saka. Forbundet er opptekne av at medlemmane skal fylgje krava om journalføring. Hatlebrekke synest det er alvorleg at ikkje alle gjer det.

– Fører du ikkje journal bryt du helsepersonellova og driv ikkje forsvarleg, seier Hatlebrekke. Han trur ikkje det er mange fysioterapeutar som unnlét å føre journal.