Hopp til innhold

Granskar branntomta for å finne svar

Politiet er ikkje ferdig med å undersøke branntomta ved Smøla ungdomsskule.

Skolebrann Smøla

Smøla ungdomsskule fekk store skader i ein brann måndag morgon.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var måndag morgon at det byrja å brenne i eit klasserom ved Smøla ungdomsskule. Dei første undersøkingane viste at brannen hadde ulma i fleire timar før den blei oppdaga.

Politiet kunne ikkje gjere undersøkingar på branntomta måndag eller tysdag fordi det framleis var for varmt og for mange branngassar i ruinane.

– Vi gjennomførte undersøkingar på branntomta i går. Då var både el-tilsynet og tekniske etterforskarar frå politiet på staden, seier Asbjørn Holand, ved Smøla lensmannskontor til NRK.

Fleire undersøkingar

Funn på staden tyder så langt på at brannen starta i eit klasserom som ofte er i bruk. Klasserommet ligg i administrasjonsfløya ved skulen.

Holand fortel vidare at teknikkarar frå politiet vil gjere fleire undersøkingar på branntomta.

– Vi veit kor og når brannen starta, men vi kan så langt ikkje seie noko om kva som er årsaka til brannen. Det er eit stort område som skal undersøkast, så det er framleis mykje arbeid igjen, seier han.

Politiet har så langt ikkje ingen haldepunkt for å tru at brannen var påsett.

– Vi held sjølvsagt alle moglegheitene opne, men i utgangspunktet er det ingenting som tyder på det, seier Holand.