Grand Fiære for alle

Den nye sentrumsnære bydelen i Molde skal vere tilgjengelig for folk flest.

Den nye bydelen - Grand Fiære skal ha hundrevis av private bustader. Likevel skal dette og vere ein stad folk flest kan bruke, lovar utbyggarane.

Områdeplanen er no klar for politisk klarering, opplyser dagleg leiar i Grand Fiære, Jan Petter Storetvedt.

- Kanskje blir dette den første realiserte sjøfrontutviklinga i Molde, der alle kan gå langs kaia og oppleve det Molde har å by på. Nemleg fjord, fjell, utsikt og sjøliv, seier Storetvedt.