Granat blir liggande

Forsvaret har studert bilete av granaten som blei funnen ved nye Atlanten stadion i Kristiansund i dag. Granaten stammar truleg frå 2. verdskrig. Konklusjonen er at granaten førebels skal bli verande der han ligg og at det ikkje er fare for at han skal eksplodere. Arbeidet på området får halde fram i morgon. Seinare skal personell frå forsvaret fjerne granaten.

Fant granat ved Atlanten