Hopp til innhold

No kjem regnet: – Vi ser slutten på godvêret i dag

Etter eit sviktande sommarvêr blei september redninga for store delar av landet. Men no skal det hølje ned igjen.

Ungar på sparkesykkel i Kristiansund

Søskenparet Andre og Carolina Arellano-Thuv er ute og nyt siste rest av sommaren på sparkesyklane sine.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det har vore ganske gøy å leike når det har vore fint vêr synest eg, seier Carolina Arellano-Thuv.

Ho er ute med sparkesykkel i skateparken i Kristiansund med bror hennar og ein venn.

– Ungane likar å vere her. Vi veit at neste veke blir det mest sannsynleg regn, så vi nyt denne fine sundagen her, seier Malgorzata Herkedal, som sit i sola mens sonen sparkar.

Sola kan ho truleg sjå langt etter neste veke.

– Eg gruar meg til hausten når det begynner å bli mørkt. Ein må vere så lenge ute som ein kan no, seier Herkedal.

Sol og fint vêr i Kristiansund

Malgorzata Herkedal (til venstre) likar ikkje at det går mot mørkare tider.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vått vêr

Vi ser slutten på godvêret no i dag. I morgon kjem eit lågtrykk inn frå vest og ser ut til å dominere vêret i store delar av landet utover i veka, seier Per Egil Haga i Meteorologisk institutt.

Meteorologisk institutt sin rapport for august viste at det kom meir enn 20 prosent meir nedbør enn normalt, for heile landet sett under eitt. Det trass i at Sør-Noreg var tørrare enn vanleg, og i nokre område «svært tørt». Nord-Noreg fekk faktisk sin nest våtaste sommar sidan år 1900.

Les også Våtest i Nordland i august: – Har ikke opplevd en våtere sommer

Årets første "høststorm" kom tidlig. 11. august
Den tok godt på Skogsøya i Vesterålen 
Mvh Bente Hjellsand

Etter mykje regn i nord og vest, fekk ein også her ein smak av sola. Men det kunne ikkje vare evig.

Farevarsel for nedbør

Dei som først får kjenne regndropane er Vestlandet sør for Bergen, der lågtrykket er venta å treffe måndag og natt til tysdag. Før det dreiar seg austover, og etter kvart nordover til Møre og Romsdal.

– Det blir regn og regnbyer, og etter kvart kjøligare vêr. Lågtrykket kjem til å dominere heile landet, frå Finnmark og heilt sør i Noreg, seier Haga.

Bilde hentet fra Meteorologisk institutts rapport om været juni-august 2022.

Ekstremt vått i nord og vest, ekstremt tørt i søraust. Slik har vêret sett ut i sommar.

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologen fortel at dei har sendt ut farevarsel for mykje nedbør i Rogaland og sør i Vestland. Dei vil også vurdere om det blir behov for det for Agder og Austlandet.

– Vi ser ikkje vekk ifrå at det kan bli ganske mykje nedbør i Møre og Romsdal på tysdag, når vinden dreiar mot nord. Så vi vurderer å sende ut farevarsel også der.

Regnvått i Nordland

Mange kan måtte finne fram gummistøvlane igjen neste veke.

Foto: KNUT BLIXE VALBERG

Smak av haust

Vi skulle ei dryg veke inn i september, men Haga seier at vi no kjem til å kjenne at hausten er her.

– I neste veke er det teikn som tydar på at det kjem varmare luftmassar frå sør igjen. Så vi skal ikkje inn i ei vedvarande kjølig periode, men det er nok eit forvarsel på haust og haustvêr, seier meteorologen.

Det peikar mot normale nedbørsforhold i vest og i nord. Det inneber ein del regn, legg han til.

– Det ser ut til at det mot neste helg kan bli så kjølig at vi får snø i fjellet i Sør-Noreg, og for så vidt også lenger nordover. Så det kan kome snø ned til rundt 800–1000 meter over havet. Då får vi ein smak av haustvêret over heile landet, seier Haga.