Hopp til innhold

Goksøyr vil på tinget

Arnulf Goksøyr frå Herøy gjer det no klart at han melder seg på i kampen om ein plass i toppen av Høgre si stortingsliste til valet neste år.

Arnulf Goksøyr
Foto: Johan Hjelvik

Goksøyr er fylkesleiar i Høgre og har vore ordførar i Herøy sidan 2003.

Frå før av har Elisabeth Nørve frå Ålesund som representerer Høgre på Stortinget i dag, sagt at ho ønskjer å bli renominert.

Høgre har eit håp om to plassar på Mørebenken som partiet oppnådde ved stortingsvalet i 2001. Men det mest realistiske slik situasjonen er i dag, er at partiet får eitt mandat i Møre og Romsdal.

Kamp om førsteplassen

Det betyr at Arnulf Goksøyr må kjempe om førsteplassen på Høgre si liste dersom han skal inn på Stortinget.

- Når ein seier ja til å vere med i konkurransen om dei fremste plassane må ein vere førebudd på kamp og den kampen er eg villig til å vere med på, seier Goksøyr

Goksøyr seier at samferdsel og næringspolitikk blir viktige saker som han kjem til å jobbe for.

- I tillegg vil eg kjempe for meir maktspreiing og eg meiner at sentrale styresmakter jobbar for mykje med å innskrenke dei lokale demokratiprosessane, seier Arnulf Goksøy.

Opitmist

Høgre gjorde eit svært godt val i 2001 og var med å danne regjering etter valet. I 2005 kom nedturen. Høgre gjorde eit elendig val. Det førte til at partiet mista andremandatet sitt i Møre og Romsdal.

Men Arnulf Goksøyr trur Høgre er i posisjon til å kome sterkt tilbake ved valet i 2009.

- Eg trur Høgre har dei sakene som skal til. I tillegg trur eg at folk er lei av den raud-grøne regjeringa, seier Goksøyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL