Helse Sunnmøre går i staden inn for at politibåten i Ålesund kan fungere som ambulansebåt ved behov.
Taklo seier dette ikkje er haldbart, og ber no om eit møte med Helse Sunnmøre. Taklo seier fjorden er 40 kilometer lang, og at politibåten difor ikkje er noko alternativ.
Taklo viser til at legane meiner det er nødvendig med ein eigen ambulansebåt.
Avviser møte
Direktør Astrid Eidsvik i Helse Sunnmøre meiner det ikkje er grunnlag for å ha noko møte med Ørsta-ordføraren om denne saka.
Ho viser til at dei held seg til eit lovleg fatta vedtak, og ho trur tilbodet vert betre med den nye ordninga. Taklo seier at han ikkje kjem til å gi seg før Rødhette er på plass igjen som ambulansebåt.