Hopp til innhold

Godt laksefiske i Surna

Det har vore ein god start på laksefisket i elva Surna, melder elveeigarlaget.

Ved tretida i natt blei det teke ein laks på 9 kilo ved Krangnes. Det blei også teke to laksar på rundt 7 kilo, ein på 6 og ein halv kilo og ein på nesten fem.

Det er ikkje kvart år det er teke laks dei første timane i sesongen. Dermed ser elveeigarlaget dette som ein god start på årets laksefiske i Surna.