Her bygger dei over 20 meter høgt jonsokbål

I fleire månadar har bålgjengen på Slinningsodden jobba med det tradisjonelle Slinningsbålet. Laurdag skal bålet stå klart, og det jobbast hardt for å fullføre arbeidet.

Slinningsbålet

SLINNINGSBÅLET: Det tradisjonelle bålet er også i år på plass hjå Slinningsodden i Ålesund.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eg må berre vere med, det rykker i bålfoten kvart år, seier ein lattermild Ruben Barstad.

Barstad har vore ein del av bålgjengen i omtrent 15 år. Det er dei som kvart år bygger det velkjende Slinningsbålet i Ålesund.

Bygginga av sankthansbålet har vore ein tradisjon i ei årerekke, og samlar store og små til dugnad. I 2010 fekk bålet verdsrekord for verdas høgaste bål.

Du kan sjå bålbyggarane i aksjon direkte her på våre nettsider kl. 20.30.

Saka held fram etter biletet.

Slinningsbålet

HØGT: Bålet er omtrent 20 meter høgt, og høgare skal det bli.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Hardt arbeid

Barstad, som tidlegare har vore bålsjef for Slinningsbålet, gav frå seg stillinga for tre år sidan. Likevel greier han ikkje å halde seg unna bålbygginga.

– Det er samhaldet i bålgjengen som er drivkrafta bak bålbygginga. Ein jobbar saman åtte timar kvar dag i ein månad, det er samhaldet mellom oss som gjer det verst alt slitet, seier Barstad.

Slinningsbålet

God stemning blant bålgjengen som er med på å sørge for at Ålesund får eit spektakulært syn.

Foto: HØGT: Bålet er omtrent 20 meter høgt, og høgare skal det bli. / NRK

Bålgjengen jobbar klokka rundt for å ferdigstille bålet som skal stå klart laurdag kveld. Akkurat no er bålet omtrent 20 meter høgt, og høgare skal det bli.

– Vi måtte dessverre gi oss i halv tre tida i natt. Då var det for lite folk til å kunne halde fram med arbeidet. Vi bestemte oss difor for å avslutte arbeidet og spare krefter til i dag og kvelden vidare, seier Stian Slinning Brandal.

Klokka tre, fredag ettermiddag, startar arbeidet opp att etter ei lita kvilepause. Det blir ikkje ny høgderekord i år, men bålgjengen håpar å kunne passere 30 meter.

– Vi ligg litt etter skjema, og det er framleis mange pallar igjen. Så vi vil gjerne ha fleire folk dersom vi skal få det til. I år har vi hatt problem med lite folk, men forhåpentlegvis kjem det fleire i dag, seier Barstad.

– Men bål blir det uansett, skyt Brandal inn.

Høgdepunktet

Slinningsbålet

HØGT: Bålet er omtrent 20 meter høgt, og høgare skal det bli.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Viktor Almås Sunde, er ein av dei yngre bålbyggarane som bidreg til bygginga av bålet. Og sjølv om han ikkje får klattre høgast opp i bålet, så er det viktigaste å få vere ein del av den tradisjonelle bålgjengen.

– Det er veldig spesielt å vere ein del av bålgjengen. Eg har fått lov til å vere her heilt til kl. 12 i kveld, det er gøy, seier Sunde.

Bålgjengen er godt i gong med innspurten på bålbygginga, og er klar for ein krevjande siste dag og natt. Og i morgon når bålet står klart, vil dei få dei optimale gjengjeldinga. Sjølv om jonsokaftan ikkje er før 23. juni, vert bålet tent laurdag kveld.

– Eg prøvar å fokusere på det ferdige resultatet når eg blir sliten og lei. Det er ingenting så er så bra som å sjå det brenne, og det er ingenting som er så trist som dagen etterpå når det berre er oske att, seier Brandal.

Barstad er samd.

– Du får ein slags tomheit, og eit sakn når bålet er nedbrent. Og så byrjar ein å gle seg til neste gong. Det er før ein kjem på kor slitsamt det er, ler Barstad.

Men ein skal ikkje sjå vekk ifrå at ein finn dei ved sjøkanten på Slinningsodden, også neste år.