Hopp til innhold

Godt år for Nynorsk kultursentrum

Med besøkstal langt over det budsjetterte hadde Nynorsk kultursentrum eit nytt godt år i 2014. Men kva betyr det for nynorsken?

Ottar Grepstad

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, meiner han har grunn til å smile.

Foto: Nynorsk Kultursentrum

I heile 2014 hadde Ivar Aasen-tunet i Ørsta 23.000 gjestar, det nest beste publikumsåret nokon gong. Samanlagt blei talet på besøkande til Nynorsk kultursentrum 38 prosent høgare enn budsjettert.

Grunnlova på nynorsk

Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre

Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Foto: Gaute Øvereng / Nynorsk kultursentrum

– Politisk er vi mest nøgde med at Stortinget gjorde det vi tok initiativ til i 2010, nemleg å få Grunnlova på nynorsk, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad. Besøkstala viser at publikum brukar tilboda våre, og det er det viktigaste for oss.

Olav H. Hauge-senteret

Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Foto: Terje Hjartnes

Salet i butikk og kafear ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. hauge-senteret i Ulvik var over budsjett. Det og fleire andre aktivitetar gav nynorskinstitusjonen med 17 heiltidstilsette samla inntekter på om lag 31 millionar kroner i fjor.

Språkleg toleranse

– Men kva betyr dette for nynorsken som språk?

– Det hender det at vi også lurer på, vedgår Grepstad. Sjølv om nynorsk er eit av dei mest robuste skriftspråka i verda og ikkje er truga på noko vis, er det ikkje slik at ein enkelt institusjon avgjer framtida. Vi vil arbeide for å auke den språklege toleransen for å kunne bruke nynorsk kvar som helst og når som helst.

Den kulturelle skulesekken er ein viktig arena for dette. Det same er arbeidet med å sikre framtida for Norsk ordbok og språksamlingane ved Universitetet i Oslo, meiner Grepstad.

Nynorsk kultursentrum håper også å kunne opne Vinje-senter for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark om tre år.

15 år sidan starten

Ottar Grepstad har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan starten i 1999. Mykje har endra seg på dei 15 åra som har gått.

I starten var Grepstad og dei andre tilsette urolege for om dei ville lukkast med å bygge opp Aasen-tunet, som dei oppfatta som omstridd den tida. Det var også viktig få legitimitet og fotfeste elles i landet, og det klarte dei.

Etter kvart fekk dei respons frå uventa hald og uventa kantar av landet, der dei knapt hadde vore før.

– Vi har nok nådd lenger ut enn det vi trudde i 1999, og har fått gjort meir enn det som var føresett i planane frå 90-talet som var til dels skrekkeleg ambisiøse, seier Grepstad.