Hopp til innhold

Bilistar lei av saltvatn og dårleg asfalt i Godøytunnelen

Saltvatnet renn inne i den undersjøiske Godøytunnellen, men det finst ikkje pengar til utbetringar. Dei forsvann i Fannefjordtunnelen.

Godøytunnelen

LEKK: Det lek sjøvatn inn i Godøytunnelen, og det kan fort bli glatt i den bratte tunnelen. Det vil folket ha ein slutt på.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Folk på Godøya er lei av å køyre i ein trafikkfarleg tunnell. Sjølv om tunnellen er høgt på lista over prosjekt som treng renovering, kan det ta mange år før fylkeskommunen har pengar til å gjere arbeidet. No krev folk strakstiltak.

– Det renn sjøvant og det blir veldig glatt, seier pendlar Ove Paulsen.

– Med dårleg asfalt i tillegg er det farleg å køyre i tunnelen.

Farleg

Ove Paulsen

Pendlar Ove Paulsen er lei av dei dårlege forholda i Godøytunnelen i Giske kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

2000 bilar køyrer gjennom tunnelen kvar dag, og sjøvatnet uroar dei som brukar tunnelen. Folk er redde for at det skal skje trafikkulukker og at bilane deira vert øydelagd.

– Vi ser at bilane rustar mykje fortare enn normalt, seier Paulsen og legg til at det kjem til å bli endå farlegare å køyre der når vinteren kjem.

– Når vi skal køyre med piggdekk blir det en graut med sjøvatn og asfalt nederst i tunnelen.

Opprørt

Den 26 år gamle tunnelen blir fort eit tema når folk på Godøya treff kvarandre. Mange er opprørte.

– Vi føler oss svikta. Tunnelen var prioritert for renovering, men pengane gjekk andre stader. Tunnelen kjem ikkje til å bli renovert før om 8-10 år. Det er alt for lenge til, seier Hans Petter Godø, leiar i Godøy nærmiljøutval.

Oddbjørn Vatne

Leiaren i samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne, seier at dei måtte ta pengane frå Godøytunnelen for å finansiere Fannefjordtunnelen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det er politikarane i fylket som har ansvaret for pengar til tunnellen, men der er det lite å hente. Pengane er nemleg brukt på Fannefjordtunnellen i Molde.

Leiaren i samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne, seier at dei måtte ta pengane frå Godøytunnelen.

– Fannefjordtunnelen vart dobbelt så dyr, og derfor måtte vi ta pengane frå ein plass, seier han.

– Ein må nok tåle at tunnelen lek. Men viss det går på tryggleiken må ein gripe inn.

Saltvatnet renn inne i den undersjøiske Godøytunnellen, men det finst ikkje pengar til utbetringar. Dei forsvann i Fannefjordtunnelen.

Foto: Hans-Olav Landsverk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL