Hopp til innhold

Slik lagar du ei god og enkel dugnadskake

Er du ein av dei som ikkje er spesielt flink å bake, men som likevel må gjere det når det er dugnad. Då er du sikkert ikkje aleine. Men alt håp er likevel ikkje ute, for her skal du nemleg få nokre gode tips til dugnadskaka.

Slik lagar du ei god og enkel dugnadskake.

Sjå korleis du enkelt lagar ei god langpannekake til dugnaden. Foto/redigering: Øyvind Sandnes.

Gunda Djupvik frå Leikong i Herøy har skrive fleire bøker og har sin eigen blogg der ho mellom anna deler gode og lettvinte kakeoppskrifter, som også egnar seg svært godt til dugnad.

Gunda ausar opp pasjonsfruktgele

Gunda Djupvik frå Leikong i Herøy har skrive fleire bøker og har sin eigen matblogg.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det enklaste er å lage sjokoladekake eller ei anna skuffekake. Oppskriftene er ofte enkle, og kven som helst kan få det til. Svele er også genial dugnadsmat. Det viktigaste er at det mettar godt i magen til dei som deltek på dugnaden, seier ho.

Og så er det spesielt ein ting som er viktig, meiner Gunda.

– Glasuren er kjempeviktig. Det er noko av det beste på kaka, så den må vere god, seier ho.

LES OGSÅ:

Her er nokre av Gunda sine beste kaketips til dugnad:

  1. Det er lov å lager posekaker om ein har dårleg tid. (verda ramlar ikkje saman av den grunn).
  2. Muffins, kanelbollar o.l., er praktiske og er lette å servere.
  3. Sveler eller vaflar er også gode alternativ.
  4. Lag noko som mettar. Dugnadsarbeidarane skal kjenne det godt nedi magen.
  5. Langpannekaker er alltid ein vinnar. Det er både praktisk og enkelt å lage. For eksempel sjokoladekake eller gulrotkake.
  6. Har du røre til overs kan du helle det opp i muffinsformer og steike dei saman med kaka. Dei treng ikkje å steike like lenge som kaka.
  7. Husk glasuren. Den er det viktigaste på heile kaka.
  8. Kaker laga med nøtte- eller mandelbotn kan vere eit godt alternativ for glutenallergikarar.
  9. Det er også mogleg å kjøpe glutenfri kakemix på butikken.

Her er Gunda si grunnoppskrift til formkake:

  • 3 egg.
  • 3 dl sukker.
  • 1 dl rømme (eg har og med hell brukt kesam).
  • 0,5 dl mjølk.
  • 4,5 dl kveitemjøl.
  • 2 ts. bakepulver.
  • 125 g smelta smør.

Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme/kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det imedan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Denne porsjonen passar til ei rund form, ca. 24 cm, eller til ei avlang form, 1,5 eller 2 liter. Skal du bruke ei langpanne, så må du doble oppskrifta.

Og her er Gunda si Tosca-kakeoppskrift (rund form):

  • 1 porsjon basisrøre.

Til glasur:

  • 75 g sukker.
  • 75 g smør.
  • 75 g hakka mandlar.
  • 1 ss kveitemjøl.
  • 2 ss mjølk.

Sett omnen på 180 grader. Lag ein porsjon basisrøre. Smelt 2 ss smør, og smør ei 24 cm form med dette. Ha 1 ss kveitemjøl eller semulegryn i forma, og vend den fram og tilbake slik at heile forma er dekt. Brukar du springform er det nok å smørje kantane, viss du har bakepapir i botnen. Ha i røra, og steik kaka på 180 grader i 30 minutt midt i omnen.

Medan kaka steiker første runde lagar du glasuren. Smelt smøret i ei gryte. Bland sukker, hakka mandlar og mjøl, og ha det oppi smøret. Ha i mjølka til slutt. La blandinga koke i 2–3 minutt medan du rører godt i botnen. Denne glasuren kan legge seg i grytebotnen viss du ikkje passar på. Når kaka har steikt i 30 minutt tek du den ut, og breier over glasuren. Steik kaka på nytt i 10 minutt, slik at glasuren vert pent brun. Siste runde kan du godt sette kaka ei rille høgare i omnen. Følg med så glasuren ikkje vert brent. Ta kaka ut, og la den kolne før du vender den ut av forma.

Brukar du langpanne vert kaka litt lågare sjølv om du doblar oppskrifta, men til gjengjeld kan du korte ned med 10 minutt på steiketida i første runde. Prøv med kakenål om den er ferdig.

Fleire oppskrifter og meir kan du lese på bloggen hennar Altgodt.no

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL