NRK Meny

Gode tal frå Fjord1

Fjord1, der Per Sævik frå Herøy er største eigar, har eit resultat før skatt på 97 millionar kroner etter første kvartal. Det er opp frå 35 millionar i fjor. Også omsetning og driftsresultat har gått opp. Lønsemd i kontraktene og stabil drift er nokre av årsakene, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Fjord1 logo
Foto: Illustrasjon: Fjord1