Hopp til innhold

Gode søkartal

Høgskulane i fylket er godt fornøgde med søkartala til hausten.

Høgskulen i Molde

Høgskulen i Molde

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Samordna opptak har offentleggjort statistikk som viser at auken på landsplan er på 12,6 prosent.

Høgskulen i Molde har ein auke på 17 prosent.

Solfrid Vatne
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Vi er svært fornøgde, seier rektor Solfrid Vatne.

- Vi må heilt tilbake til slutten av 90-talet for å sjå den same auken. Dette er det største søkartalet vi har hatt sidan 2003.

- Gir betre studentmiljø

- Dette gir ein stor motivasjon blant dei tilsette i forhold til å satse på studiekvalitet og også marknadsføring av studia våre, seier Vatne.

Finansieringa av studia er knytt til talet på studentar som vert utdanna. Eit auka tal på studentar vil slik gi auka finansiering på sikt.

- Fleire studentar vil også gi eit betre studentmiljø, trur Vatne.

Stor auke i studentmengda

Høgskulen i Ålesund har hatt ein auke på 10,3 prosent.

- Dette er svært bra, seier rektor Geirmund Oltedal.

Høgskulen i Ålesund skal fylle opp plassar som dei allereie har. Dei er avhengige av at departementet løyver meir pengar til nye studieplassar.

- Vi har allereie hatt ein så stor auke i studentmengda fram til i år at vi er ikkje i stand til å handtere stort meir innanfor dei rammene vi har fått tildelt, seier Oltedal.

Målretta arbeid

Tala frå Samordna opptak viser ein auke på 54,2 prosent på søknadar til bioingeniør-faget. I følgje rektoren er dette eit resultat av målretta arbeid.

- Der har det vore godt og målretta arbeid frå institutt for biologiske fag, der dei har jobba mot vidaregåande skular og ungdomsskular.

Høgskulen i Ålesund har over 3 søkarar per studieplass i Økonomi og leiing og maritime studier.

- Dette er svært gledeleg og det viser at på dei områda så framstår vi som ein høgskule med attraktive studietilbod og som mange vil inn på. Auken i talet på søkjarar til Nautikk er spesielt gledeleg, der vi har 103 søkarar på 32 plassar.

Tal frå Høgskulen i Volda viser ikkje like stor auke. Der melder Samordna opptak om ein nedgang på 0,55 prosent. Men rektor Jørgen Amdam er ikkje bekymra av den grunn.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam.
Foto: Tore Ellingseter / NRK

- Det heng saman med at det er eitt par studietilbod som vi ikkje gir i år, som vi gir annakvart år. Så om vi ser på desse tala burde vi legge til 150 søknadar i tillegg, dersom vi skal samanlikne med i fjor. Om vi korrigerer for det, betyr det faktisk at vi har ein auke på godt over 10 prosent i søkartal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL