Hopp til innhold

Gode resultat for høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har best resultat i landet når det gjeld å få studentar til å fullføre lærarutdanninga. Det viser nye tal.

Høgskulen i Volda

Lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda kjem godt ut i ei ny undersøking.

Foto: Høgskulen i Volda

Det er ei gruppe som har studert utdanninga for grunnskulelærarar som har kome fram til dette. Funna, som blei presenterte på ein konferanse i Stavanger denne veka, er basert på studentane sine eigne vurderingar av trivsel og på tal på kor mange som fullfører.

Den såkalla følgjegruppa har funne ut at heile 69 prosent av dei som startar på grunnskuleutdanning for 1.–7. trinn i Volda, står løpet ut.

Arne Myklebust

Arne Myklebust er dekan ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det syns vi er veldig positivt, for vi veit at fråfallstala er til dels høge fleire stader, seier dekan Arne Myklebust.

Også tala for utdanninga for 5.-10-trinn er gode, ifølgje Myklebust.

Dei små kjem best ut

– Generelt ser vi at dei mindre og mellomstore lærarutdanninga har betre gjennomføring enn dei store, seier han.

Han kan ikkje seie sikkert kva som er grunnen til dette, men viser til at dei mellom anna har særleg tett kontakt mellom lærar og student.

– Vi ser også at dei største institusjonane har litt yngre studentar, så det kan nok hende vi tener på at mange våre studentar er vaksne og har erfaring frå skulen før dei kjem til oss.

Han seier dei vil nytte undersøkinga til å jobbe vidare med dei tinga dei er best på.

Meiner departementet bør merke seg resultatet

Myklebust seier han håper kunnskapsdepartementet merkar seg resultata, ikkje minst med tanke på det som er positivt for dei små.

– Det er sjølvsagt viktig i strukturdebatten om samanslåing av høgskuleeiningar. Dette er eit døme på at det kan vere store fordelar ved å vere liten.

At det er viktig å halde på studentane er ei side av saka. Men Myklebust understrekar at den verkelege utfordringa ligg i rekruttere nye studentar.

– I 2025 kjem vi til å mangle 38 000 lærarar i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Så den verkeleg store felles utfordringa er å rekruttere nok nye studentar til å demme opp for dette.