Hopp til innhold

Gode resultat for Ålesund roklubb

Ålesund roklubb kan reise heim frå helgas NM i roing med ein rekke medaljar. Mellom anna blei klubben noregsmeister i dobbelt firer for senior damer og i dame toar. Thea Helseth tok også eit NM-sølv i dame singelsculler for seniorar. Martin Helseth fekk også eit individuelt sølv i herrar singelsculler under NM. Klubben fekk også sølv i herrar junior singelsculler og bronse i herrar senior dobbeltsculler.