Hopp til innhold

Elevbedrift tener pengar på kampen for lokalsjukehusa

Elevbedrift tener pengar på kampen for lokalsjukehusa. Men deler av overskotet skal gjevast som gåve til sjukehus.

Support UB Espen Stensrud Per Kristian Øyen

Epen Stensrud sel armband til Kristiansundsordførar Per Kristian Øyen under sjukehusdemonstrasjonen i Oslo måndag.

Foto: Support UB

Dei er 6 elevar som går ved Kristiansund videregående skole. Elevbedrifta heiter Support UB. Målet er først og fremst å lære, og ikkje å tene mykje pengar. Men no kan dei ha skote gullfuglen.

Bevar Sykehuset Armband

Armbanda kan brukast ikkje berre i Kristiansund, men i samband med kampen for alle sjukehusa.

Foto: Support UB

– Vi hadde ikkje kunne ha truffe noko betre på noko punkt. Vi kom i rett tid, akkurat i det sjukehusstriden var på sitt mest intense. Då kom vi med produktet vårt. Vi hadde ikkje kunne ha gjort noko annleis, seier salssjef Espen Stensrud.

Video Mange reiser til sjukehusdemonstrasjon

Mange reiste i dag for å delta i demonstrasjonen i Oslo.

Elevbedrifter er ein del av prosjektet «Ungt entreprenørskap».

Deltek på demonstrasjon i Oslo

Support UB er sjølvsagt i Oslo idag under demonstrasjonen som Folkebevegelsen for lokalsykehusene arrangerer framfor Stortinget. Til no har elevbedrifta seld armband i Kristiansund, men dei ser potensial både i Nordfjordeid, Odda, Kongsberg og Lærdal.

– Det står «Bevar sykehusene» på alle banda. Dette er sjølvsagt for alle kommunar og byar, seier Stensrud.

Kontroversielt men uproblematisk

Bedrifta har eksistert berre i ein og ein halv månad og blir drive av elevar ved reiselivslinja ved skulen. At ei elevbedrift engasjerer seg i ei så pass kontroversiell sak er uproblematisk, seier Stensrud.

– Mange vil kanskje karakterisere oss som uerfarne og seie at vi blandar oss inn i politikken. Men vi tykkjer det er heilt riktig at ungdom som skal vekse opp faktisk deltek i det som skjer. Vi vil vise at vi er engasjerte, og det er jo trass alt vi som skal bruke sjukehusa seinare, seier Stensrud.

Overskotet til sjukehuset i Kristiansund

I dag reknar dei med å selje mellom 300 og 400 armband under demonstrasjonen i Oslo. Prisen på armbanda er 50 kroner. Elevbedrifta skal ikkje site att med noko særleg overskot. Pengane gir dei i gåve til sjukehuset i Kristiansund.

– Vi skal gje deler av inntektene til sjukehuset. Vi gjev så mykje som vi har råd til, utan at vi går med underskot. Vi klarer akkurat å få til ein stabil økonomi. Vi skal ikkje tene mykje sjølve. Det er heller ikkje poenget. Poenget er å lære ved å drive ei ungdomsbedrift, seier Stensrud.