Hopp til innhold

God skulemat gir bedre læring

Ungdomsskuleelevane i Sunndal går kvar dag til eit rikhaldig og næringsrikt bufettbord, og det har gitt resultat.

Video God skolemat gir bedre læring

Irene Akselsen

Irene Akselsen lagar mat til 300

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Å tilsette ein kokk løyste problemet med ukonsentrerte og uengasjerte elevar ved Sunndal ungdomsskule.

Irene Akselsen er utdanna kokk og lagar mat til 300 elevar kvar dag.

- Dei er så takknemmelige, seier ho og skundar seg for å bli ferdig til skuleklokka ringer.

Trond Hansen Riise

Målet var å legge grunnlag for bedre læring seier rektor Trond Hansen Riise.

Rektor Trond Hansen Riise hadde målet klart då dei tilsette kokk.

- Vi ville ha noko bedre enn bollar og Cola på borda, vi ville ha eit bedre innhald, og det meiner eg vi har klart.

15 kroner dagen

Det er heilt slutt på butikkturane i storefri. For 15 kroner dagen kan dei gå til bufetbordet og spise sunt og godt av det kokken byr på.

Fordi ordninga ikkje er gratis, var skulen avhengig av at foreldra sa ja til å betale. Pengan dee betale dekker alle utgiftene til ordninga. Til gjengjeld slepp foredra å bekymre seg for kosthaldet.

- Kutter vikarer når læreren er syk

Få nyttar trygt heim-ordning

John Sigurd Skar

John Sigurd Skar er godt nøgd med utvalet på lunsjbordet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Det er god mat her skal eg fortelle deg, seier John Sigurd Skar som også fortel at han spis meir enn vanleg når han får det servert slik.

Fra før hadde dei prøvd andre ordningar der elevane eller lærarane sto for maten. Men det var først da ein ordentlig kokk kom på plass at det virkelig fungerte.

- Vi ser at elevane er meir konsentrerte, dei er meir opplagde, dei er meir tilfreds og dei fortel at dei trives bedre, seier rektor.

- Summen av det heile er at læringa blir bedre, og det er derfor vi gjer det.

Skulemåltid ved Sunndal ungdomsskule

Godt utval av sunn mat ved Sunndal ungdomsskule.

Foto: Eirik Haukenes / NRK