God sesong for landbruket

Landbruket i Møre og Romsdal er tilbake til normalen etter fjorårets kriseår med ekstrem tørke og avlingssvikt. Det meste av gras, korn og potet er hausta inn og rådgjevar Sverre Heggset i Landbruk Nordvest konkludere med eit godt år for dei fleste bønder i fylket. Det har gått bra, heldigvis. For vi har litt å ta igjen, spesielt på grovfôr og gras. Det har vore eit godt år, litt over normalen, seier han.

Sverre Heggset, Landbruk Nordvest
Foto: Gunnar Sandvik / NRK