Hopp til innhold

God sesong for julematprodusentane

Julematprodusentene har ikkje merka noko av finanskrisa denne sesongen.

Julemat
Foto: Scanpix

Ved Ole Ringdal AS på Hellesylt har salet auka med om lag ti prosent så langt i år.

- Vi tok høgde for ein auke i salet allereie i september og det har vist seg å halde stikk, altså. Det har gått meget bra, vi har seld ut alt vi har av fenalår til jul og vi har seld ut nesten alt av pinnekjøt, seier dagleg leiar Kristen Ringdal.

Bedrifta på Hellesylt har seld opp mot ti prosent meir så langt i år samanlikna med i fjor. Også for Johs Jacobsen kjøtt i Volda har det gått bra med julesesongen i år. Ingen av dei to har merka noko av finanskrisa som har herja siste året.

- Vi forventa ikkje så stor oppgang som vi har hatt i år, fortel Rindal.

Frå Ole Ringdal AS har det gått mykje av den tradisjonelle julematen.

- Då er det no ribbe og syltaflesk, mørpølse, kokt mør og julepølser av alle sortar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL