Hopp til innhold

Politiet: – Russen har vore eksemplarisk

Politiet i Ålesund meiner russen er betre enn noko gong. I Kristiansund seier dei at russen fortener ros, medan politiet i Molde seier alt er på det jamne.

Fyll og fest

Det har gått med mykje øl og anna alkohol også under årets russefeiring. Men politiet på våre kantar gir russen skryt, så langt. Utover kvelden, natta og morgondagen kjem russen til å feire vidare over alt i fylket.

Foto: Keilen, Berit / Keilen, Berit

– Nokre hendingar har det vore, men marginalt i forhold tidlegare år. Vi har fått tilbakemeldingar på at russen aldri har vore betre, seier Arild Helland.

Helland er politioverbetjent i førebyggande avsnitt ved Ålesund politistasjon. Han meiner godt forarbeid har gitt gode resultat. Og dei starta arbeidet tidleg.

– Vi innleia arbeidet allereie i fjor, så snart russestyra i Ålesund blei etablerte.

For å vere så godt førebudd som mogleg, kopla politiet seg opp mot mellom andre Ålesund kommune, Røde Kors og Natteravnane tidleg i prosessen.

Russepoliti

I år er det fjerde gong Ålesund har ordninga med russepoliti. Ei ordning som gjer at russen sjølv blir ansvarleg for å halde orden på feiringa. Dette har ifølge Helland, fungert godt.

Russebiler på Lillehammer

Russetreff på Lillehammer er alltid populært for russ frå store delar av Sør- Noreg. Kvart år dreg også mykje russ frå våre kantar til det tradisjonelle russetreffet i mjøsbyen.

Foto: Reidar Gregersen/NRK

– Vi held eit litt enklare ordensvaktkurs for dei som ønsker å vere russepoliti, ein eller fleire dagar i løpet av russetida, seier Helland.

Russepolitiet gjer ein kjempeviktig jobb

Arild Helland, Ålesund politistasjon

Russepolitiet har mellom anna som oppgåve å sjå til at ikkje andre enn russ er på festane.

– Då tenker eg spesielt på mindreårige som ønskjer å feste med russen, og også på potensielle eldre overgriparar som kan prøve å kome med, presiserer Helland.

I hovudsak handlar det om å vere fornuftig, grei og hjelpe medruss.

– Det handlar om å sjå til at ikkje nokon sovnar ute i terrenget, passe på sine eigne og ta vare på dei som treng det. Og så er det å rydde og hindre at knuste glasflasker flyt rundt.

Ikkje berre fantastisk

Sjølv om russen får mykje skryt, betyr det ikkje at alt er perfekt. Steinar Hjellnes ved Molde politistasjon, påpeikar at dei har fått nokre klager. Mellom anna har dei fått klage frå naboane rundt Jensgurilia, der russen ofte brukar å feste.

Steinar hjellnes ordensavdeling molde politistasjon

NOKRE KLAGER: Steinar Hjellnes ved Molde politikontor meiner russen har vore på det jamne i år.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det har vore litt bråk og vi har måtta jage vekk russ frå parkeringsplassen etter 23:00 i nokre tilfelle, seier Hjellnes.

I Kristiansund får altså russen mykje skryt av dei som sit på politikammeret med fasit over russefeiringa så langt.

Men framleis er det litt tidleg å konkludere enno, sidan natt til 17. mai no står for døra.

– Vi må hugse at det framleis er ei natt igjen, seier Arild Helland i Ålesund.