Sidan starten i 1999, har 38 av dei tyngste heroinmisbrukarane i vårt fylke fått hjelp til avvenning ved hjelp av metadon. Metadonsenteret i Trondheim tar imot misbrukarar frå dei seks nordlegaste fylka, og kan vise til gode resultat.
Reidar Hole er dagleg leiar ved metadonsenteret. Han seier senteret satsar mykje på god oppfølging av kvar enkelt brukar.
Helge Waal er professor ved seksjon for kliniske rusmiddelproblem ved universitetet i Oslo. Han er einig i at god oppfølging kan vere ein av grunnane til at denne regionen kjem så godt ut.
Ventelister
Men satsing på kvalitet har ført til ventelister. Det er eit problem mange stader i landet, og helsedirektør Lars E. Hanssen ønskjer no å gje dei narkomane raskare hjelp ved at fastlegane får dele ut morfinmedisinen Subutex.
Reidar Hole meiner ein ikkje må forhaste seg, men vente på Helsedepartementet si vurdering av metadonbehandlinga som kjem i løpet av året.