Hopp til innhold

Rekordstor kvalfangst i sommar

Den norske kvalfangsten blir den største sidan Noreg tok opp att kvalfangsten i 1993.

Hvalfangstskuta Kato

Kvalfangstskuta «Kato» er ei av 23 norske kvalfangstskuter som deltek i kvalfangsten i 2014.

Foto: Sylvi Inez Liljegren / NRK

Dei første kvalskutene tok til med fangsten i midten av april. Og til no har norske kvalfangarar teke over 700 vågekvalar.

Ole Mindor Myklebust

Ole Mindor Myklebust meiner det kunne ha vore teke ut langt meir kval frå havet.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Fangsten har gått bra. Vi har fangsta 112 kval. Og det er det beste resultatet vi har hatt sidan vi byrja i 1967, seier reiar Ole Mindor Myklebust på kvalfangstskuta «Kato» til NRK.

– Fanga mykje kval i mai

Det var særleg i mai månad at norske kvalfangarar tok mykje kval. Veret var gunstig og fangsttilhøva var gode.

I mai blei det teke 100 kvalar, medan det for eksempel i mai for to år sida ikkje blei fangsta ein einaste ein, på grunn av dårlege verforhold den gongen.

I år er det også fleire båtar som deltek i den norske kvalfangsten. Til saman 23 skuter har deltek i år. Det er 5 fleire enn i fjor.

– Bestanden aukar

Ole Mindor Myklebust seier også at det er meir vågekvalkval i havet enn før.

Bestanden aukar for kvart år. Reproduksjonen er større enn det som blir fangsta. Så det er langt meir kval i havet no enn då Noreg i si tid valde å stoppe fangsten, seier Myklebust.

Ole Mindor Myklebust seier at dei også ser store mengder av andre kvalartar i havet. Han hevdar at dei ser mykje blåkval, finnkval og knølkval.

Det er for mykje kval i havet i forhold til tilgangen på mat, seier han.

– For små mottak

Likevel tek ikkje norske kvalfangarar heile vågekvalkvoten. Myklebust seier at det ikkje er båtane som har for liten kapasitet, men at mottaksapparatet på land ikkje klarer å ta unna all kvalen.

– Utfordringa ligg i mottaka på land. Det er ikkje nok produksjonskapasitet. Det er mykje folk i verda som ikkje får nok mat i dag. Og vi burde kunne ta ut denne biomassen som er i havet. Men det skjer jo ikkje, seier Ole Mindor Myklebust.