Agnar Dag Ulstein, styreleiar i God Invest.
Betalingsstopp
God Invest har hatt store økonomiske vanskar, og har mellom anna innført betalingsstopp. Den siste tida har styret i selskapet arbeidd for ei total refinansiering, utan at det har kome noko signal om at selskapet er i ferd med å lukkast.
Dystert
I samband med at selskapet no har fått eit krav om konkurs over seg, teiknar leiinga eit dyster framtidsperspektiv. Når det no kjem eit krav om konkurs, heiter det i pressemeldinga at det er lite leiinga i selskapet kan gjere for å hindre at det blir opna konkurs i morgon.
Aksjonær krev konkurs
I pressemeldinga frå selskapet heiter det at det er aksjonær Svein Skårland frå Sandnes som krev at selskapet blir slått konkurs. Skårland har tidlegare fått tilbod om plass i styret i God Invest.
Utsetjingar
Etter dei opprinnelege planane skulle det haldast generalforsamling før 1. juli. Også reknskapen skulle vere klar for to veker sidan, utan at denne er lagt på bordet enno. No er alt dette utsett på nytt. I pressemeldinga frå selskapet heiter det at innkallinga til generalforsamlinga er utsett til ein ser kva som blir resultatet i skifteretten i morgon.
70 millionar tapt
I følgje Sunnmørsposten kan 70 millionar kroner vere tapt ved ein eventuell konkurs. I 2000 hadde selskapet ein total eigenkapital på 40 millionar kroner, og seinare kom det inn 30 millionar kroner, som aksjonærar lånte til selskapet.