I kampen mot Bodø/Glimt søndag brukte MFK ikkje ein einaste innbyttar. Alle som var på benken mot Glimt var med mot Hødd. MFK stilte med dette laget frå start av: Knut Dørum Lillebakk, Knut Olav Rindarøy, Erlend Ormbostad, Øyvind Gjerde, Martin Høyem, Stian Ohr, Torgeir Ruud Ramsli, John Andreas Husøy, Mitja Brulc, Tommy Eide Møster, Ole Jakob Strandhagen.
Sterkt Hødd-lag
Hødd stilte med dette laget frå start: Øystein Vik Myklebust, Einar Braut, Thomas Gjørtz, Georg Aursnes, Kenneth Giske, Tor Einar Leira, Andre Nevstad, Tommy Sylte, Kristoffer Tollås, Stig Haugland, Geir Televik. Innbyttarar: Nils Ottar Sandø, Erik Sandal, Anders Vaagen, Johnny Nerbø. På Hødd mangla berre Øyvind Halkjelsvik (framleis skadd) og Finn Erik Stavseng (eksamen).
Hødd hadde fleire gode sjansar og burde ha vunne meir enn med to mål. Særleg etter pause viste Hødd mykje bra fotball mot eit Molde-lag som ikkje skapte all verda. Molde sin hovudtrenar, Bosse Johansson, såg kampen frå tribunen medan Knut Hallvard Eikrem leia laget frå benken.
Televik og Sandø
Nils Ottar Sandø Foto:Arne Flatin.
Geir Televik heada inn 1-0 like etter pause på eit fint innlegg frå Kristoffer Tollås frå venstresida. Nils Ottar Sandø misbrukte ein stor sjanse til å auke til 2-0 då han heada like utanfor frå kort hald. Like etter gjorde han det godt att då han smelte inn 2-0 like innanfor 16-meteren.