Hopp til innhold

God folkehelse i Møre og Romsdal

For første gong har Møre og Romsdal fylkeskommune laga ei omfattande oversikt over folkehelsa til innbyggarane i fylket.

Jogging

Møre og Romsdal fylkeskommune har for første gong laga ei omfattande oversikt over folkehelsa til innbyggarane i fylket.

Foto: Kim Jansson / NRK

Oversikta er utarbeidd av fylkeskommunen, med representantar frå Fylkesmannen, Helse Møre og Romsdal og kommunane som bidragsytarar.

– Fylkeskommunen ønsker å ha ei god oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorane som påverkar helsa til innbyggarane i Møre og Romsdal, seier Sigri Spjelkavik, folkehelserådgivar i fylkeskommunen.

Ho trur oversikta vil vere viktig for å kunne følgje utviklinga i fylket og jobbe målretta med å betre helsetilstanden og auke trivselen i befolkninga.

– Oversikta legg grunnlaget for å kunne jobbe langsiktig og systematisk, men og i forhold til eit meir kortsiktig folkehelsearbeid, seier Spjelkavik.

Over landsgjennomsnittet

Ifølge Spjelkavik er folkehelsa til innbyggarane i Møre og Romsdal generelt god, og levealderen ligg litt over landsgjennomsnittet.

– Innbyggarane her lever litt lenger. I tillegg har vi små forskjellar i levealder knytt til fullført utdanningsnivå samanlikna med resten av landet, seier Spjelkavik.

– Vi har nokre utfordringar knytt til eitt par livsstilssjukdomar der vi ligg litt over snittet, men jamt over ligg vi godt an, held ho fram.

Undersøkingar i ungdomsbefolkninga gjennom Ungdata syner at ein del ungdommar, og særleg jenter, er plaga med depressive symptom.

– Men også her ligg vi betre an enn landet. I folkehelsesamanheng er det viktig å ha fokus på tilstandar som har eit vesentleg førebyggingspotensial og som har relativt stor utbreiing i befolkninga. seier Spjelkavik.

Fleire faktorar

Spjelkavik fortel at det er fleire faktorar som bidreg til å påverkar helsetilstanden vår.

Tilhøve knytt til samfunnet generelt, sosiale nettverk og individuelle livsfaktorar er blant dei viktigaste faktorane.

– Som døme kan eg nemne utdanningsnivå og inntekt, arbeidsmiljø, fysiske omgjevnader, relasjonar til andre i lokalsamfunnet, offentlege tenester og helsevanar, seier Spjelkavik