God 2. omgang for Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg frå Spjelkavik i Ålesund køyrde seg kraftig opp i andre omgang av slalåmen frå Val d'Isere i Frankrike. Frå ein 23. plass i første omgang enda Foss Solevåg tilslutt på ein 9. plass. Han kom i mål 2.27 sekund bak franske Alexis Pinturault.