Hopp til innhold

Gløymde halve kommunen

Folkehelseinstituttet gløymde halve kommunen då dei sende ut influensavaksine. Dei var ikkje oppdaterte på at to kommunar hadde slått seg saman.

Svineinfluensa-vaksine

Folkeinstituttet var ikkje oppdatert på kommunesamanslåinga. Dermed blei Tustna gløymt.

Foto: Jean-Paul Pelissier / Scanpix/Reuters

Før var Aure og Tustna to forskjellige kommunar. No er dei slått saman under namnet Aure. Folkehelseinstituttet sende vaksine til Aure basert på gamle innbyggartal, skriv avisa Tidens Krav

Reagerte

Kommuneoverlege Vidar Aakvik Pedersen seier han stussa då han såg kor lite vaksine kommunen mottok.

- Vi stussa då vi oppdaga at vi hadde fått vaksine til berre 14 prosent av befolkninga, når Folkehelsa hadde lovt oss nok til 20 prosent, seier Aakvik Pedersen til Tidens Krav.

Får meir

Geir Stene-Larsen

Geir Stene-Larsen. Direktør i FOlkehelseinstituttet.

Foto: NRK

Feilen er no meldt inn til Folkehelseinstituttet. Det måtte imildertid fleire purringar til før kommunen fikk svar. Fredag morgon mottok kommunen svar. I e-posten står det at Folkehelseinstituttet har operert med geil eller for gamle innbyggartal for Aure. Dette inneber at kommunen får 500 nye dosar neste veke.

Stoppet vaksinering

Ung mann i respirator

Stor pågang hos apotekene

Ber vaksineinteresserte dra hjem

KOLS-syk redd massevaksinasjon

Beklagar

Folkehelseinstituttet beklagar no det som har hendt, og vedgår at dette kan ha med kommunesamanslåinga å gjere.

- Vi beklagar feilen. Vi beklagar også at dette ikkje blei fanga opp straks vi fekk tilbakemelding, seier direktør Geir Stene-Larsen. Vi hadde for få innbyggarar på Aure i databasen vår. Eg kan ikkje forklare kvifor. Men kanskje har det noko med kommunesamanslåinga å gjere, seier Stene-Larsen til Tidens Krav.