Hopp til innhold

Global ekspertstatus til den maritime klynga

Den maritime klynga på Møre fekk i dag tildelt status som Global Centre of Expertise (GCE) av næringsminister Monica Mæland.

Kleven verft

Utvikling og produksjon av avanserte spesialskip er blant spesialitetane til den maritime klynga på Møre. No får kompetansen internasjonal anerkjenning.

Foto: Arne Flatin / NRK

Per Erik Dalen

Leiar i NCE Maritime, Per Erik Dalen trur GCE-programmet gir moglegheiter til å ligge i forkant av utviklinga.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det nasjonale programmet for næringsklyngar utvidast no med eit nytt toppnivå – Global Centre of Expertise (GCE). Den maritime klynga på Møre var den første klynga som fekk status som Norwegian Centre of Expertise i 2006. Onsdag vart det kjent at klynga blir ein av to som får GCE-status i første runde.

– Det var beinhard konkurranse, så det var stor spenning knytt til kor vidt vi ville nå opp eller ikkje. Eg vart veldig glad då beskjeden kom, for dette betyr mykje for klynga, seier Per Erik Dalen i NCE Maritime til NRK.

Meir forsking

Dalen trur anerkjenninga gjer at bedriftene og klynga får endå meir merksemd internasjonalt.

– Det er viktig. Det forsterkar midlar til å gjennomføre fellestiltaka som går på utvikling, forsking og vertskapsattraktivitet. Det det opnar også for andre verkemiddel som bidrar til å utvikle både næringa og regionen, seier han.

Blant anna trur Dalen at samarbeidet mellom det offentlege verkemiddelapparatet og den maritime næringa. blir styrka.

– Auka satsing på næringsnær forsking innanfor maritim sektor er ein av forventningane vi har i tida framover, seier Dalen.

Styrkar konkurransekrafta

Den maritime klynga på Møre har ein global leiarposisjon innan utvikling og produksjon av avanserte spesialfartøy til offshoreindustrien. Klynga består av 220 bedrifter som omsettar for 55 milliardar kroner i året og har 22 500 tilsette. Men ingenting ting kan takast for gitt.

– Vi ser at den globale konkurransen blir tøffare. GCE-programmet gir oss moglegheiter til å ligge i forkant av utviklinga, og styrke Møre som ein attraktiv stad å drive maritim verksemd frå. Det er viktig for å vinne kampen om kompetanse, arbeidskraft og bedriftsetableringar, seier Dalen.

For å utvikle dagens sterke marknadsposisjon, meiner han det er vel så viktig å utvide aktiviteten til nye område.

– Biomarine næringar, mineralutvinning på havbotnen og havbasert fornybar energi har alle eit betydeleg potensial der vi berre er i startfasen, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL