Hopp til innhold

Glimt frå 17.mai-gleda i Møre og Romsdal

No har du sjansen til å vise fram bygda, grenda, bydelen, bunader, folkeliv og 17.mai-glede frå heile fylket. Send oss blinkskota dine frå 17.mai-feiringa der du er, og del med oss alle!

Frå 17.mai-toget på Åndalsnes
Foto: Ottar Rydjord

Feiringa av nasjonaldagen er i gang over heile fylket. Mange stader har kor og korps alt vore i sving ved bautaer og minnelundar, somme stader er 17.mai-toget alt i gang, andre stader skjer det meste litt seinare utpå før-og ettermiddagen.

Uansett er dette dagen for dei mange, gode motiva!

Sjå video frå toget i Åram i Vanylven som Andre Kragset har sendt oss:

Se 17.mai-toget i Åram.

Vi ønskjer oss bilete frå bygd og by, frå krik og krok i heile fylket. Ver med og lag eit biletgalleri utan like.

Send oss bilde til desse adressene.

Epost: mr@nrk.no

Instagrambileta kan du mekre med #nrkmogr eller med #nrk17mai

Tekstmelding/sms: bruk kodeord mr og send til 1987