NRK Meny
Normal

Sjå dokumentaren «Skipshandelen» her

Få eit glimt av kvardagen hos skipshandlaren i Ålesund. Den norske dokumentaren Skipshandelen er som ei lita tidsreise. Sjå den i videovindauget over.

Norsk dokumentar. Det er som ei lita tidsreise. I eit stilfullt jugendhus like ved Brosundet driv snart 80 år gamle Arve Eidsvik byens siste gammaldagse skipshandel. Nabohusa som før var fiskemottak, er no omgjorde til moderne hotell og restaurantar. Sjølukta, husfasadane, ein og annan sjark og Eidsviks Skipshandel er det einaste som er att av ei tid som var.

Dette er dokumentaren Skipshandelen. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen.

Arve Eidsvik

Arve Eidsvik driv Ålesunds siste skipshandel.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I eit stilfullt jugendhus like ved Brosundet i Ålesund driv snart 80 år gamle Arve Eidsvik byens siste gammaldagse skipshandel.

Nabohusa som før var fiskemottak, er no omgjorde til moderne hotell og restaurantar. Sjølukta, husfasadane, ein og annan sjark og Eidsviks Skipshandel er det einaste som er att av ei tid som var.

– Einaste i sitt slag

I dokumentaren møter vi familien Eidsvik som heilt sidan 1908 har drive skipshandel ved Brosundet. Denne butikken er heilt unik fordi familien har teke så godt vare på interiør og miljø.

Programansvarleg er Sissel Brunstad og fotograf er Øyvind Berge Sæbjørnsen, som begge jobbar ved NRK Møre og Romsdal.

– Butikken er full av all slags utstyr for fiskeri, og er ein institusjon i seg sjølv. Den er truleg den einaste i sitt slag som enno eksisterer langs norskekysten. Programmet er rett og slett eit postkort frå Ålesund, der vi får glimt inn i eit miljø som kallar på det nostalgiske, seier Brunstad.

I programmet får vi eit glimt av kvardagen hos skipshandlaren. Vi møter Arve som med sitt lune og humoristiske vesen, er ein skipshandlar av dei sjeldne.

Dokumentaren går på NRK1 tysdag i serien Glimt av Norge klokka 20:35. Skipshandelen er også tilgjengeleg på NRKs nett-tv.

Brosundet Ålesund fra dokumentaren Skipshandelen

Skipshandelen ligg ved Brosundet i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK