Hopp til innhold

Gler seg til sushi

Dottera Pil (4) har allereie begynt å spørje etter sushi. Det kan kome godt med når ho og resten av familien no flyttar til Japan.

Tor Hogne Aarøy

Tor Hogne Aarøy tek no med seg familien til Japan.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Aafk-spissen Tor Hogne Aarøy på 2,04 meter seier han har høyrt om "sake", men elles er heilt blank når det gjeld japansk. Men sushi kjenner han iallefall godt, og no er dottera Pil (4) i ferd med å gjere det same.

- Ho har spurt fleire gongar etter sushi dei siste dagane, eg tek det som eit godt teikn, seier mor Cornelia Skuggen.

Rask prosess

Tor Hogne Aarøy

Aafk-spissen Tor Hogne Aarøy tek med seg familien til Japan.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Saman med sambuaren og Aafk-spelaren Tor Hogne Aarøy reiser ho snart til Japan, saman med dei to døtrene Pil (4) og Raga (snart 2).

- Vi har fortalt til Pil at vi skal flytte til Japan, men ho forstår det nok ikkje heilt, og det gjer vi i grunn ikkje sjølv heller. Dette har gått veldig fort, seier Skuggen.

Les og sjå meir:

Jakt etter barnehage

Like før jul blei det kjent at leiinga for det japanske 2. divisjonslaget JEF United hadde vore i kontakt med den profilerte Aafk-spissen. I helga blei det kjent at han har teikna kontrakt for to år, og allereie neste veke reiser han bortover. Sambuaren blir også med ein snartur.

- Eg blir med for å finne ut kvar jentene skal gå i barnehage, og om det fins ein internasjonal barnehage for dei. Så flyttar vi etter rundt 1. mars, seier Skuggen.

Kunstpause

Cornelia Skuggen reiser til Japan

Glaskunstnaren Cornelia Skuggen gler seg til å reise til Japan.

Foto: Einertsen, Kari / Aftenposten

Cornelia Skuggen er ein kjent glaskunstnar i Ålesund. Frå 1. mars skal glasblåseriet "Celcius" ta ein pause på to år, men Skuggen seier ho garantert opnar dørene igjen.

- Glaskunst er veldig stort i Japan, berre i den byen vi skal bu, Chiba, er der fire glasblåsarar. Eg trur eg kjem til å lære mykje og startar forhåpentlegvis opp igjen "Celcius" i Ålesund om to år med mange nye idear, seier Skuggen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Kjem til å sakne venene

Cornelia Skuggen seier ho har vore open for å reise til Japan frå starten av.

- Dette blir sjølvsagt veldig spennande for Tor, men også for meg. Det verste blir å vere borte frå familie og vener, vi har vore vande med eit sosialt liv, og har aldri mangla ei barnevakt. Vi satsar på å få mykje besøk, seier Skuggen. Ho seier dei skal flytte inn i ei leiligheit med tre soverom berre fire mil utanfor Tokyo. Det eine soverommet skal vere gjesterom.

To heimreiser i året

sushi

Familien Skuggen/Aarøy gler seg til å smake meir på sushi dei neste to åra.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / AFP

Planen er å reise heim til Ålesund to gongar i året. Huset sitt på Åse skal dei leige ut.

- Vi kjem til å lære mykje om kultur og mat, og eg håper vi får lære å bli litt modigare til å smake på ulike ting. Samstundes går det fint an å lage kjøtkaker i brun saus heime, om vi vil det, ler Skuggen.

Gler seg

Også sambuaren, Tor Hogne Aarøy, som er den som har fått med familien til Japan, gler seg til å reise. I ti år har han vore i Aafk. Draumen om å reise til utlandet hadde han nesten lagt bort.

- Eg hadde i grunn avskrive utanlandsplanane no, men kjende umiddelbart at eg hadde veldig lyst til Japan. Uansett kjem eg til å sakne "guttane" i og rundt klubben, seier Tor Hogne Aarøy.

Video Aarøy-kontakt med japansk lag

Satsar på engelsk

Og sidan han ikkje kan eit einaste ord japansk, satsar han på at han klarer seg med engelsk i garderoben.

- Eg veit veldig lite om klubben og forholda, men eg gler meg veldig uansett. Dette blir ei fantastisk ny utfordring, seier Aarøy.