NRK Meny
Normal

Gler seg til å sjå sambygdingen opptre i Spektrum

Det blir folkefest på Nilsgardstunet i Stordal når Jenny Langlo skal på scena i Melodi Grand Prix-finalen.

Ordførar vil ha Janny Langlo på topp i MGP.

Ordførar i Stordal, Charles Tøsse reknar med at det blir full rulle og stor stemning i heimbygda. Han er svært stolt over at ho deltek i MGP - men han innrømmer at heile bygda har ambisjonar om at ho kjem til å kjempe hardt om sigeren.

– Før tv-sendinga skal vi ha fleire ulike programinnslag, og deretter skal vi sjølvsagt følgje sendinga tett, seier ordføraren.

Klar for å stemme

Han lover at dei kjem til å stemme så mykje som mogleg. Sidan artisten vann i Idol i 2011 har det vore relativt stilt frå Langlo. Ho fortalde til NRK tidlegare i dag at ho er tilbake som ein eldre og sterkare versjon av seg sjølv.

– Det er ein klisjé, men eg har jo vokst opp. Blitt tryggare, klarare på kven eg er. Det var eit enormt trykk å vere med på Idol, og når eg går opp på scenen igjen no er eg i mykje større grad klar, seier ho.

– Kor stor er nedturen viss ho ikkje vinn?

– Dette er ein opptur uansett, seier ordføraren.