NRK Meny
Normal

Gler seg til å sjå Hareide trene Danmark

Torsdag kom nyheita om at Åge Hareide blir trenar for det danske landslaget i fotball dei to komande åra. – Eit godt val, meiner fotballekspert Arne Scheie.

Arne Scheie om Mjøndalen

Arkivfoto: Fotballekspert Arne Scheie meiner Åge Hareide er eit god val som landslagstrenar for Danmark.

Åge Hareide og Arne Scheie

Åge Hareide og Arne Scheie har kjent kvarandre i ei årerekke.

Foto: NRK

Åge Hareide har ein tøff jobb føre seg når han no tek fatt på landslagstrenarjobben i Danmark. Han skal gjenreise eit såra dansk landslag samt overtyde det danske folket om at han er rett mann for stillinga.

Arne Scheie meiner derimot at Hareide ikkje er eit dårleg val.

– For min del er det berre å gratulere Åge med jobben. Eg er glad på hans vegne, men også på vegner av alle som følgjer norsk fotball. Det er viktig å få ut både norske spelarar og trenarar for å gjere norsk fotball attraktiv. Eg ser fram til å sjå han leie det danske laget, seier han.

Høyr Arne Scheie fortelje om Åge Hareide her:

Greidde å målbinde Scheie

Scheie har følgt karrieren til Hareide tett i mange år, og har mange minner frå karrieren hans, både som spelar og trenar.

Åge Hareide

Åge Hareide vart torsdag presentert som ny landslagstrenar for Danmark.

Foto: Nikolai Linares / Scanpix Denmark / NTB scanpix

– Det eg hugsar best er at eg var så heldig å få bli med Åge då han vart profesjonell spelar i Manchester City for 34 år sidan, seier han.

Scheie er kjent for å vere eit leksikon når det gjeld alt som omhandlar sport. Men nokre svært sjeldne gongar kan også han få problem med å svare på spørsmål.

– Før ein kamp i 1995 kom Åge med spørsmålet: «Kven har spelt for Vålerenga og Lyn i same sesong?», og då greidde ikkje eg å svare. Eg tenkte på det lenge før eg til slutt måtte svare at det ikkje var nokon som hadde gjort det, fortel Scheie.

– Då svarte Åge: «Sinsen ungdomskorps», held han fram lattermild.

– Kvalifisert for stillinga

Scheie meiner at Hareide er meir enn nok kvalifisert for jobben som trenar for det danske landslaget i fotball.

– Det er få trenarar som ligg på Åge sitt nivå. Han har mellom anna vunne seriemeisterskap i tre ulike land, og det er det berre José Mourinho, Sven-Göran Eriksson og Giovanni Trapattoni som har gjort, seier han.

Fotballeksperten meiner at den tidlegare suksessen til Hareide har vist at han har gode trenareigenskapar.

– Han er ein fantastisk motivator og spreier positivitet i spelargruppa, noko som tydeleg viser igjen i dei resultata han har oppnådd.

Han trur likevel at den nye jobben kan by på utfordringar for Hareide.

– Det er ei stor oppgåve å ta over det danske landslaget, og det er spesielt vanskeleg å ta over jobben etter Morten Olsen, seier Scheie.