NRK Meny
Normal

Gler seg over godt fiske: Fekk 40 tonn på fire dagar

20-år gamle Kjartan Andre Nygård er på Lofotfiske for fjerde år på rad. Men ny båt og eit mannskap på to, er håpet å ta kvoten på 133 tonn så raskt som råd.

Kjartan Nygård og Kasper Stubbsrud Nilsen

Kasper Stubbsrud Nilsen og Kjartan Nygård om bord i sjarken «Emma». Også Robertas Pocjius frå Litauen er med på turen.

Foto: Privat

Torsk ombord

Det har blitt flerie gode hal til no på turen. Kasper Stubbsrud Nilsen frå Tønsberg

Foto: Kjartan Andrè Nygård

Sola blenkjer medan Nygård og mannskapet sit på kaikanten. Dei er i Stamsund etter å ha levert fangsten frå sist natt. No står att berre litt arbeid før dei kan ta seg ein kvil.

– Vi søv mest på ettermiddagen, seier Nygård.

– Vi går ut i totida på natta. Når fisket er godt, jobbar vi til vi er ferdige og får levert.

Fekk 40 tonn på fire dagar

Det starta smått, men dei siste dagane har det gått betre. Etter å ha venta i ei veke på godt ver, blei det endeleg travelt om bord.

– Då fekk vi 40 tonn på fire dagar, så det er vi jo veldig godt fornøgd med, seier han.

Eigen båt har 20-åringen frå Midsund i Romsdalen hatt i fleire år. Denne, som han kjøpte i fjor, eig han saman med broren Markus Nygård. Neste veke kjem også han til Lofoten for å få med seg fisket der det kan vere gode pengar å tene.

– Det er klart det er viktig. Vi håper å ta kvota på nokre veker.

For å greie det må dei ha godt ver. Den første veka blei dei liggande og vente. Det kan fort slite på tolmodet.

– Ja, det er klart – vi vil jo i gang med fisket, seier Nygård.

Røynd fiskar

Midsundbåten Midfjord på torskefiske i Lofoten

Sjarken «Midfjord» kjem også frå Romsdal.

Foto: Privat

Trass i alderen er Nygård ein røynd lofotfiskar. Langt heimanfrå er det likevel fint å ha kjenningar i nærleiken.

– Vi har ein kompisbåt som også kjem frå Midsund. Det er ein gjeng i tjue-åra om bord der også, men dei har ikkje vore på lofotfiske før. Så vi held i lag både på havet og i land, seier Nygård.

Kjend gjennom «Brennpunkt»

I for blei han og broren landskjende etter å ha vore med i NRK «Brennpunkt» sin dokumentar om fiskefusk. Erfaringane deira hamna på ministeren sitt bord.

Men no er det fiskeriet det handlar om. Så langt er han også godt fornøgd med prisen dei får for fisken dei leverer.

– Ja, og vi håper det held fram med godt fiskeri ei stund til, seier Nygård.