Hopp til innhold

Gler seg mest til leksene

Det er kanskje førsteklassingane som har størst forventningar til kva dei har i vente på første skuledag. Men det er ikkje fritt for sommarfuglar i magen hjå andreklassingane heller.

Lucas Emanuel Engeset Dolmen

Andreklassingen Lucas Emanuel Engeset Dolmen er veldig klar for sin første skuledag i sitt andre skuleår.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Eg gler meg til å gjere lekser!

Lucas Emanuel Engeset Dolmen er verkeleg klar for skulestart. NRK møter andreklassingen like før det ringer inn til første time på Aspøy skole i Ålesund. På ryggen har han ein stor grå sekk, nesten like stor som han sjølv, som er fylt med tomme skrivebøker og splitter nye skrivesaker.

Nye skrivesaker

– Dette pennalet er heilt nytt, seier andreklassingen triumferande medan han opnar glidelåsen til eit knalloransje pennal med AaFK-effektar i.

Nytt er også antrekket, ein knallraud genser og dongeribukse med Spiderman-illustrasjonar på. Kleda gler han seg til å fram til vennane sine som han straks møter att etter ein lang sommarferie.

Med sommarfuglar i magen

Skulen er knallgul og innbydande. I skulegarden fyller det seg opp med fargerike sekkar, latter og akrobatiske krumspring i leikeapparata.

I eit hjørne her og der, er det enkelte som er litt mindre ivrige enn dei andre. Kanskje nokon saknar ein ven som har byta skule og lurer på korleis friminutta kjem til å bli, eller gruar seg til å stå opp tidleg og sitje mykje stille.

For somme er nok det å vere fersk andreklassing nesten like skummelt som å vere fersk førsteklassing.

Læraren Eli Anne Humlestøl saman med andreklassingen Lucas Emanuel Engeset Dolmen

Eli Anne Humlestøl er læraren til Lucas Emanuel Engeset Dolmen. Saman gler dei seg til å ta fatt på skuleåret 2014/2015.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Færre elevar – større klasse

Då er det greitt å vite at ein iallfall har same lærar som før sommaren. Læraren til Lucas Emanuel er Eli Anne Humlestøl og ho gler seg til å følgje elevane sine vidare i 2. klasse.

– Det skal bli kjekt å få sjå att alle etter ein lang skuleferie, seier ho smilande. I fjor var førsteklassingane delt i to klasser, men i år har dei blitt litt færre og blir dermed slått saman.

– Eg trur det vil gje eit fint læringsmiljø å få samla alle i ei gruppe. Det blir spennande og heilt sikkert kjekt, avsluttar ho.