NRK Meny
Normal

Vegtrafikksentralen: – Ta det med ro

Det har vore fleire ulukker i fylket vårt tysdag. Vegtrafikksentralen ber folk vere oppmerksame.

Ulykke flåvika

Eit vogntog køyrde av vegen ved Flåvik i Ørsta tysdag morgon.

Foto: Kjell Arne Reknes

Alle større køyretøy må ha kjetting idag, seier Kjetil Øverland.

Kjetil Øverland, i Viking Stranda, seier at alle større køyretøy må ha kjetting i dag.

Foto: Kjetil Øverland
Strandafjellet, glatte veier

Fleire køyretøy har har problem på Strandafjellet tysdag.

Foto: Kjetil Øverland

Nysnøen skaper trøbbel på vegane, og fleire har køyrt utfor vegen tysdag. Men Erling Drangsholt ved Vegtrafikksentralen har ikkje fått inn meldingar om alvorlege problem.

– Det har nett kome snø, og ein legg kanskje ekstra merke til folk som køyrer utføre. Men det er vanleg vinterføre, og det er viktig å ta det med ro, seier Drangsholt.

Han seier at det er lett å vere uoppmerksam, men oppfordrar folk til å vere forsiktige.

Steinar Vestnes i Statens vegvesen seier at føret er jamnt over bra i Møre og Romsdal.

– Det er snø og is på vegane mange stader, men det viker ikkje frå normalt vinterføre, seier Vestnes.

Vogntog av vegen

I morgontimane i dag blei E39 ved Flåvik i Ørsta stengt etter at eit vogntog køyrde av vegen. Ingen personar blei skadde i utforkøyringa, men det er svært glatt på staden, opplyser operasjonsleiar Kenneth Sætre i Sunnmøre politidistrikt. To timar seinare vart vegen opna for trafikk.

Trafikkaos

Klokka åtte melde Statens vegvesen at fleire bilar og ein buss var blanda inn i eit trafikkuhell i Frænavegen i Molde. Der var det heller ikkje meldt om personskade, men ulukka skapte trafikkaos på staden.

Utanlandske vogntog i trøbbel

Politiet på Sunnmøre melder også at fleire utanlandske vogntog har problem med å kome seg over Strandafjellet.

– Det er ikkje meldt om store trafikkhendingar hittil, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

ulstein trafikkuhell

Også i Ulstein har bilar køyrt utføre vegen.

Foto: Arne Flatin / NRK