Dei fleste utforkøyringane har vore på europaveg 136 i Romsdalen, opplyser politiet. Ein person vart køyrd til sjukehus i Molde etter ei utforkøyring i Nesset ved 21.30-tida i går kveld.
Og på riksveg 62 ved Kleive var til saman fire bilar innblanda i ei ulykke ved 19.30 tida. To personar vart sendt til sjukehus med lettare skadar etter denne ulykka.
Det vert meldt om glatte vegar i heile fylket. Fleire bilar og vogntog har hamna i grøfta også i dag, men det er ikkje meldt om personskadar.