Hopp til innhold

Glatte vegar i Møre og Romsdal

Snø og is skaper problem på vegane fleire stader i dag. På Strandafjellet har ein utanlandsk semitrailer hamna utfor vegen.

Trailer i grøfta

Det går an å passere forbi semitraileren som delvis har hamna i grøfta på Strandafjellet.

Foto: Dagfinn Vågsæter

Statens vegvesen melder at det har vore glatte vegar i ytre Romsdal og på ytre Nordmøre i dag, Ein bil hamna utfor vegen mellom Bolsøya og Sølsnes ferjekai i Molde, men det var ingen personskadar.

På Strandafjellet har ein utanlandsk semitrailer hamna delvis i grøfta, men det går an å passere, opplyser ein tipsar til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL