NRK Meny
Normal

Glatte vegar i dag også

Glatte vegar skaper problem i trafikken i dag også. Ein semitrailer køyrde av vegen i Rauma i føremiddag, medan ein lastebil velta på Frei i 07-tida.

Lastebil har velta på Frei
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Lastebilen velta på riksveg 70 aust for Bolgavatnet på Frei i Kristiansund. Då var det slapseføre og lastebilen hamna utfor vegen. Den følgde grøfta eit stykke langs vegen, før den velta og hamna delvis ut i vegbana.

Ingen andre køyretøy var involvert, men halve vegbana er stengt som følgje av velten. Det gjer at det blir køar på staden, og trafikken blir manuelt dirigert.

Truleg må ein større bergingsbil til for å få lastebilen på vegen igjen, og då kan det ta tid før trafikken kan gå som normalt igjen.

Lastebilsjåføren blei ikkje skadd i velten.

Glatt fleire stader

Tidleg i føremiddag kom det og melding om ein semitrailer som hadde køyrt i grøfta ved Flatmark i Rauma. Det blei ingen personskade, melder politiet. Men dette er ein europaveg, og det blei difor noko kø medan bilberginga pågjekk. Først gjekk trafikken greit forbi i eit køyrefelt, før vegen blei opna for normal trafikk frå omlag klokka 10.30. Då var semitraileren kome på vegen igjen. Ifølge brannvesenet, som kom fram til staden i 10-tida, var det ikkje lekkasje frå bilen, som er lasta med diesel.

Rundt klokka 11 blei det meldt om svært glatt fylkesveg 61 ved Drageskaret, mellom Gurskebotnen og Larsnes. Fleire trailarar sleit med å kome over. Vegtrafikksentralen varsla entreprenør, med tanke på ekstra brøyting og strøing.

I same område velta ein buss tidlegare på føremiddagen, men ingen av dei åtte om bord blei skadde.

Ut over føremiddagen blei det også meldt om ein semitrailer som stod på tverra i Liabygda i Stranda, slik at Ringsettunnelen blei stengt ein periode. Like før 12 køyrde eit vogntog av vegen like nord for Valsøy i Halsa, men der var det muleg å passere for annan trafikk.

Ekstra strøbil

I går blei det meldt om vanskelege køyreforhold fleire stader i fylket, mellom anna over Fursetfjellet. Også i dag var det vanskelege køyreforhold på europavegen. Haglbyer gjorde at vegen blei så glatt at vegvesenet bestemte seg for å sende ein ekstra strøbil til staden.

Det gjer nok at køyreforholda blir betre, men vegvesenet har også sendt ut ei generell oppmoding til alle sjåførar om å køyre forsiktig.

Den velta lastebilen på Frei ligg delvis ut i vegen

Sidan lastebilen ligg delvis i vegbana blir det køar på staden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK