Glasklar førjulskunst

I dag er det opna for glasklar kunst på Flø i Ulstein. Camilla Prytz stiller ut sin heilt spesielle glaspynt hos Hugo Opdal.

Camilla Prytz med utstilling på Flø
Foto: Hugo Opdal

Besøkande får sjå store fat med vingar, hjertesmykker, fiskar og kors. Prytz meiner alle desse symbola skal minne oss om kvifor vi feirar jul.

Frå det store til det lille

Kunstnaren har tidlegare vist arbeida sine både i New York, Oslo og andre norske byar, men aldri før i vårt fylke.

Galleriet som no opnar dørene saman med Prytz, ligg i ein nedlagd skule på Flø, ei bygd med 153 fastbuande.

God tru

Oslokunstnaren er likevel ikkje redd for at det skal mangle publikum på utstilinga hennar. Ho trur lokalbefolkninga støttar opp om eit slikt arrangement.

Frå før har ho seld smykker både til kongelege og Hollywood-stjerner. Så står det att å sjå om sunnmøringane likar det dei ser.