Hopp til innhold

Glade for at fiskekvotane kan bli endra

I dag går høyringsfristen ut for deltakarlova, ei lov som regulerer kven som kan kjøpe fiskekvotar. Jan Ivar Maråk i Fiskebåt seier det kan bli enklare å flytte kvotane.

Jan Ivar Maråk

Jan Ivar Maråk er utredningsdirektør i Fiskebåt

Foto: Stig-Espen Soleng / NRK

Målet med lovforslaget er å forenkle tildelinga av fiskekvotar. Forslaget skal gjere det enklare for reiarlaga å inngå private avtalar om å overføre fiskekvotar utan at dei må overdra fiskebåten som har kvoten. For å få tilleggskvotar i dag må reiarlag som har berre ein båt kjøpe eit fartøy med fisketillating. Deretter er det ein lang prosess med ulike søknader.

Utredingsdirektør i organisasjonen Fiskebåt, Jan Ivar Maråk seier dei er glade for endringsforslaga.

– Reiarlag med berre ein båt har først måtte kjøpe ein båt, plukke av han fisketillatinga og deretter selje han tilbake til eigaren. Det er ein tung og omstendelege prosess som berre advokatar og revisorar haustar gevinsten av, seier Maråk. Han ser fram til å kunne gjere dette på ein langt enklare måte.

LES OGSÅ: