Hopp til innhold

Skiri: – Lenge sidan eg var så nervøs før ein fotballkamp

Han hadde grua og gleda seg som ein unge på førehand. Etter avskjedskampen var Amund Skiri eitt stort smil.

Amund Skiri

Etter kamp blei Amund Skiri feira på ordentleg vis. Her syng han hymna framfor fansen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Amund Skiri

Skiri var svært fornøgd med 3-1-siger som avslutning på AaFK-karrieren.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– I dag er det over for min del. Eg er ikkje trist og lei i det heile, sa Amund Skiri etter 3-1-sigeren over Sandnes Ulf søndag.

Skiri, som kom til Aalesunds Fotballklubb i 1997, er den siste som er igjen frå 2002-laget som rykka opp til Eliteserien.

No er det altså slutt.

– Det blir som han Odd Børretzen seier: «Nokre gonger er det ålreit». Og i dag var det verkeleg heilt ålreit, smilte AaFK-veteranen.

– Blir det vemodig utover kvelden og dei neste dagane då?

– Nei da, no skal eg på tur saman med lagkameratane i to dagar. Som ei avslutning, og det blir fint.

Første kamp frå starta på CLS på over to år

Avskjedskampen blei, for Amund Skiri, litt ekstra spesiell. Han har slite med skader dei siste to åra, men søndag sprang han ut på kunstgraset med kapteinsbindet rundt overarma.

– Det var kjempekjekt å spele sin siste eliteseriekamp etter ein lang karriere.

– Det var min første kamp frå start på Color Line Stadion på over to år. Eg var som ein liten gutunge før kamp. Det er verkeleg lenge sidan eg var så nervøs før ein fotballkamp, og kjente spenninga.

Saka held fram under bildet.

Hyllest

Supportarane viste klarta kva dei tenkte om AaFK-veteranen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Fortent siger

Men nervøsitet og spenning enda i glede, for etter 90 minutt stod AaFK og Skiri igjen som sigerherrar.

– Vi var giftigare enn Sandnes Ulf framfor mål. Vi hadde litt fleire sjansar, og eg synest vi vinn fortent trass i at dei hadde ballen ein del utover i andre omgang.

– Skulle Tommy Høiland hatt straffe på slutten der då?

– Det må du spørje han om. Men Sandnes Ulf har fått bra med straffer i år. Og det hadde vore dårleg gjort å blåse straffe mot meg der altså, humra Skiri.

Like før slutt gjekk Høiland i bakken i duell med Skiri, men dommaren vinka spelet vidare.