Hopp til innhold

Glad for slutt på ufrivilleg deltid

Else Hilleren Borvik er glad for at fleire sjukepleiarar no får fulltidsjobb.

Else Hilleren Borvik

HEILTID: Else Hilleren Borvik er glad for at det blir mindre deltid.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Borvik fekk sjølv til slutt heiltidsstilling etter ein tøff kamp mot Helse Nordmøre og Romsdal, der arbeidsgjevaren saksøkte ho for å unngå å gje ho 100 % tilsettingsbrøk.

I går sa helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen at fleire som no jobbar deltid skal få tilbod om heiltidsjobb. Borvik er særs tilfreds med at statsråden vil ta tak i problemet ufrivilleg deltid.

Beordrar sjukehusa

Strøm-Erichsen gav tysdag ordre til alle landets sjukehus om å kutte andelen deltidsstillingar med 20 prosent i løpet av året.

– Dette er kjempegode nyheiter for alle sjukepleiarar som jobbar deltid og ufrivilleg deltid. Ved heiltid tener ein jo meir, veit når ein skal jobbe og det er spesielt positivt når det gjeld opptening av pensjonspoeng, seier sjukepleiar Else Hilleren Borvik.

Lang sjukepleiarkamp

Borvik meiner det blir eit spørsmål om økonomi, og når mange skal gå opp frå deltidsstillingar til heiltid kan det bli vanskelege tider.

– Men dette er noko sjukepleiarar og sjukepleiarforbundet har jobba med i mange, mange år - at dei som jobbar deltid og vil jobbe fulltid, skal få rett til det, seier Else Hilleren Borvik.