Gjøsund Utvikling AS er stifta

Det vart fredag halde stiftingsmøte i Gjøsund Utvikling AS på Giske rådhus. Det skriv Giske kommune i ei pressemelding. Det nye selskapet skal planlegge og legge til rette for utvikling av Gjøsund hamn og næringsområde i samarbeid med grunneigarar og det offentlege. Samla aksjekapital er 1.280.000 kroner fordelte på 15 aksjonærar. Styreleiar er Rolf Giske.

Gjøsund Utvikling AS
Foto: Giske kommune