NRK Meny
Normal

Gjorde heilomvending - får målpris

Jenny Klinge frå Surnadal er kjend for ei brei dialekt og ein konsekvent nynorskbruk. Slik har det ikkje alltid vore.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentanten Jenny Klinge (Sp) skriv nynorsk og snakkar dialekt. Det set Nordmøre Mållag pris på.

Foto: Terje Reite / NRK

Nordmøre Mållag gir lagets målpris for 2013 til stortingsrepresentanten Jenny Klinge.

Ifølgje mållaget er ho «ein av dei fremste marknadsførarane av dialektene våre og nynorsk, og er i tillegg eit flott eksempel på at ein naturleg og god språkbruk er viktig i effektiv kommunikasjon.»

– Når Jenny til dømes talar frå Stortingets talarstol eller i NRK på klingande surn'daling, så kan det motivere andre til å nytte dialekta si, i staden for å trua dei er tvinga til å knote på bokmål, seier mållagsleiar Trond Skogseth om vinnaren.

Tidlegare "pentrønder"

– Det var ei kjekk overrasking, kommenterer ei morgonblid Jenny Klinge på telefon til NRK.

Ho er ikkje heilt einig med mållagsleiaren i at ho snakkar brei og rein surnadaling, men legg til at ho gjer så godt ho kan. Med ei mor frå Trøndelag snakka nemleg Klinge trønder fram til ho var 19 år. Det var først då ho flytta til Oslo og vart redd for å gå over til pentrønder at ho bestemde seg for å legge om til heimdialekta ein gong for alle.

– Eg las ei heil rekkje bøker på dialekt av ein Hans Hyldbakk, ein lokal historikar og diktar, og gjorde heilomvending til eg kom heim til jul. Overraskinga var stor i huset då eg plutseleg sa "e talla" i staden for "æ snakka", ler ho.

– Korfor la du om?

– Eg følte at eg begynte å miste identiteten min fordi eg snakka kvasimål. Eg ønska å halde på røtene mine, og dermed vart dialekta viktig for meg, forklarar Klinge og legg til at blant anna surnadalingen Henning Sommerro har vore ei viktig inspirasjonskjelde.

Tidlegare bokmålsbrukar

Klinge får også målprisen for god nynorskbruk, men heller ikkje i det skriftlege språket har ho vore konsekvent opp gjennom åra.

– Eg vaks opp med foreldre som irriterte seg over nynorsken og skreiv alltid bokmål på fritida. Samstundes var eg like flink i begge målformer, så endringa kom først då eg begynte å stille meg sjølv spørsmål om korfor eg var så mistruisk til nynorsken.

Ho lurte på kva det er som gjer at somme irriterer seg over eit språk. Ho lurte på korfor så mange irriterer seg over språket som ligg nærast dialekta si. Ho lurte på om haldningar kan gå i arv og om det påverka henne og språkvala hennar.

– Det vart ei aha-oppleving for meg og eg har ikkje sett meg tilbake sidan, fortel surnadalingen.

Med dialekt og nynorsk i Tigerstaden

Sjølv med ei sterk tilknyting til Nordmøre, er det for det meste i Oslo at stortingsrepresentanten bur og jobbar. Ho hevdar at livet med dialekt på Stortinget har gått overraskande bra.

– Eg må snakke saktare enn elles, men det er stort sett det. Elles så unngår eg dei mest lokale dialektorda, for eg ønskjer trass alt å gjere meg forstått, seier ho.

Heller ikkje nynorsken har kome i vegen for henne, hevdar ho vidare.

– Det har vore fleire velmeinande folk som har rådd meg til å gå over til bokmål – i trua på at det vil gjere det lettare å få ut den politiske bodskapen min. Men eg opplever ikkje at nynorsken gjer det noko vanskeleg.

– VG publiserer til dømes kronikkane mine og innlegga mine – sjølv om dei er på nynorsk, legg ho til.

Klinge trur det er ei myte at nynorsk er så uforståeleg og upopulært som somme vil ha det til.

– Så lenge ein er bevisst på å gjere språket laust og ledig, er det berre ein fordel.