NRK Meny
Normal

Gjødselvogner blir ein del av brannberedskapen

Over 40 bønder i Rauma stiller gjødselvognene sine disponible for brannkorpset. Fylkesleiar i Bondelaget meiner at bøndene kan vere ein stor ressurs.

Inge Martin Karlsvik

Inge Martin Karlsvik i Møre og Romsdal bondelag meiner at gjødselvogner og traktorar kan vere ein del av reserveberedskapen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Rauma brannkorps kartlegg no kven av bøndene som har utstyr som kan brukast i ein krisesituasjon. 40 personar har meldt at dei har gjødselvogner, skriv Åndalsnes Avis.

– Bileta frå Lærdal der dei brukte traktorar og tankvogner for å sløkke brannen, gjorde inntrykk, seier bonde Webjørn Mjelva til NRK.

Webjørn Mjelva

Webjørn Mjelva vil gjerne stille opp dersom brannvesenet treng hjelpa hans.

Foto: privat

Skremt av grasbrannfare

Han er ein av dei som har meldt frå om at han har utstyr og vil stille opp dersom det trengst. Sjølv produserer han mjølk og korn i Romsdal. Dei siste vekene med tørt ver, vind og stor grasbrannfare har fått bonden til å tenkje.

– Vi bur i ein dal med mykje vind og også her er det klynger med trehus, seier Mjelva.

Han er klar til å gå inn med si tankvogn som rommar 7000 liter vatn, dersom han vert ringt opp av brannkorpset.

Bra respons

Varabrannsjef i Rauma kommune, Hans Skiri er overvelda over responsen frå bøndene. Han hadde ikkje venta at så mange ville ta kontakt.

– Eg synest det er positivt at bøndene vil trå til dersom brannkorpset treng hjelp, seier Skiri.

Brannvesenet legg inn telefonnumra til bøndene, i tillegg til å lage ei liste over kva utstyr den enkelte har. Nokre av bøndene har kanoner på taket på gjødselvogna, slik at dei kan kaste vatnet langt.

– Dei som ikkje har kanoner vil kunne hjelpe brannkorpset med å vatne bakken for å unngå spreiing, seier Skiri.

Hans Skiri

Varabrannsjef i Rauma, Hans Skiri, har sendt ut brev til 140 bønder for å finne ut kven som har utstyr til å hjelpe til under ein brann.

Foto: Rauma kommune

Kjem seg fram i terrenget

Inge Martin Karlsvik i Møre og Romsdal bondelag meiner traktorar og gjødselvogner bør kunne vere ein del av brannberedskapen. Under storbrannen i Lærdal kom fleire bønder med vogner for å hjelpe til i arbeidet.

– Den store fordelen er at ein del bønder har vakuumvogner, som kan hente vatn frå innsjø og sjø. Traktorane kjem seg også fram i ulendt terreng, seier Karlsvik.

Faste avtalar

Med store avstandar og vanskeleg terreng i Distrikts-Noreg, meiner Karlsvik at bønder kan vere ein stor ressurs når katastrofen inntreff. Men det bør vere opp til kvar enkelt kommune å vurdere om dei treng bøndene som ein del av reserveberedskapen.

– Då bør det på plass faste avtalar slik at utstyret står klart til bruk. Det går ikkje an å få telefon midt på natta og så er ikkje vogna montert opp, seier Karlsvik.

Han synest at kartleggingsarbeidet Rauma brannkorps gjer er bra.

– Eg trur nok at landbruket vil vere med på denne dugnadsinnsatsen, seier Karlsvik.

Brann i Lærdal

Fleire bønder hjelpte til i sløkkjearbeidet i Lærdal.

Foto: Steinar Lote / NRK