Hopp til innhold

Gjøco årets bedrift

Gjemnes-bedrifta Gjøco er kåra til "Årets bedrift 2010" i Møre og Romsdal.

Video Gjøco - årets bedrift i Møre og Romsdal

Det vart avgjort på eit møte i nærings- og miljøutvalet i fylket i dag. Selskapet får prisen på Fylkestinget i april.

I grunngjevinga frå utvalet står det at Gjøco oppfyller krava på ein god måte, og at det er ein viktig arbeidsplass i kommunen.

14 nominerte

"Som den einaste i sitt slag i Møre og Romsdal, har bedrifta utvikla seg til å bli den nest største malingsprodusenten i Norge" står det vidare.

  • I alt vart 14 bedrifter var nominerte til prisen for år 2010. Lista ser du til høgre i artikkelen.

- Gode kandidatar

- Gjøco AS er ei spennande bedrift som har hatt ei god utvikling dei siste åra, seier leiar i nærings- og miljøutvalet Asbjørn Rutgerson etter utdelinga.

Prisen har vore delt ut kvart år sidan 1991, og skal delast ut til ei bedrift som utmerkar seg.

- Fleire av dei nominerte var gode kandidatar til prisen, seier Rutgerson.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL